Hva skjer i Oslo?

Finn arrangementer og kinovisninger i Oslo.

Lesesirkel: "Innsirkling" av Carl Frode Tiller
Foredrag

Lesesirkel: "Innsirkling" av Carl Frode Tiller

Dato tirsdag 17. november
Tidspunkt 17:30 - 18:30

Vil du ha nokon å snakke med om bøkene du les?

Deichman arrangerar månadlege lesesirklar. Alle deltakarane les same bok og så møtast vi for å diskutere boka. Kom innom oss i betjent tid for å låne eit eksemplar.

Denne gongen diskuterer vi "Innsirkling" (2007) av Carl Frode Tiller.

Den mystiske David har mista hukommelsen, og ei annonse oppfordrar gamle kjente til å skrive til han. Det er fleire i hans omgangskrets som bestemmer seg for å svare. Med djup psykologisk innsikt og rå, svart humor sirklar Tiller inn liva til David og brevskrivarane. Dermed gir han også eit rikt tverrsnitt av tida dei lever i, vår tid. Forteljingane handlar om avgjerande val, feilslåtte ambisjonar og lengslar.

Dei tre bøkene i Innsirkling-trilogien er eit storverk i norsk litteratur. Gjennom ei rekke røntgenblikk på relasjonane mellom menneske, på ulike tiår og miljø, har Tiller skapt eit usedvanleg rikt og komplekst eventyr om det moderne Norge. Den siste brikka gir ikkje berre svaret; den vil óg snu opp ned på alt du trudde du visste om David.

Tiller har skrive ein rekke …