Frankenstein (Matiné)
Terningkast fem
«Denne bør du ta med barna på»
Aftenposten
«Frydefulle grøss med Feil Teater»
Dagsavisen
«et herlig overskuddspreget skrekkteater for barn»
Klassekampen
Ein grøssar for barn frå 10 år.
Alt i denne historia er funne på.
Likevel er alt saman sant.
Kvart
einaste
ord.
Den unge studenten Victor Frankenstein har stengt seg inne i slottet sitt, og her arbeider han med å få til det umoglege: Å skape liv i ein død kropp. Når han endeleg lykkast i å vekke skapningen til live, er den alt anna enn han hadde drøymt om. Victor kastar skapningen på dør, og dette set i gang ei rekke grufulle hendingar. Og når grufulle ting skjer, har ein berre to moglegheiter: Ein kan stenge seg inne, eller ein kan be om hjelp. Men kven vil vel hjelpe eit monster?
Feil Teater gjør det helt riktig med «Frankenstein»
Periskop, Ung redaksjon
Feil Teater på Scene 3 er støtta av Bergesen-stiftelsen.
Klassikar for barn
Frankenstein er ein grøssar for modige barn og skvetne vaksne, i ein nyskriven versjon basert på romanklassikaren av Mary Shelley som har gitt lesarar frysingar i over 200 år. Rotne hjernar, dødsdømde kjeltringar og grotesk vitskap blir sydd saman til ei historie om kva som gjer ein skapning til eit monster, og om å vilje bli frykta når ein ikkje kan bli elska.
Men hei: Om du blir redd, er det lov å gripe tak i armen ved sida av deg. Berre pass på at han heng skikkeleg fast i kroppen han høyrer til, så du ikkje endar med ein laus arm i fanget...
FRAMSYNINGA ER SKUMMEL, OG PASSAR FOR barn frå 10 år. Det er ikkje tilrådd å ta med småsøsken.
BILLETTPRIS
Billettane på Feil Teater sine framsyningar Den perfekte premieren - og det som vart litt dumt og Frankenstein kostar 150,- for barn og vaksne.
Feil Teater på Scene 3
Hausten 2026 flytta teaterkompaniet Feil Teater inn på Scene 3 på Det Norske Teatret. Her skal dei vere i eit heilt år og lage teater for barn.
I 2023 fekk dei Heddaprisen for beste framsyning for barn med framsyninga Nordpolen Magiske Trikketransport, og i 2025 blei dei nominerte i same kategori for Flukten fra Botsen.
Feil Teater jobbar for at teater skal vere inkluderande, bygge fellesskap og vere noko alle har råd til. Framsyningane tek utgangspunkt i mange ulike tema, men felles for dei alle er eit leikent teateruttrykk som fengar dei som ikkje oppsøker teater til vanleg.
Første framsyning ut på Scene 3 er Frankenstein.
- Vi ønskjer at barn skal gå heim med ei oppleving av noko heilt utanom det vanlege! seier Feil Teater. Med Frankenstein vil dei lage skrekk og humor-teater på barna sine premissar.
Boblande fantasirikdom for barn
I 2026 og 2027 er det Feil Teater som skal fylle rommet på Scene 3. Dei byr på skrekk, humor og alvor på barna sine premissar.
Les meir
Tips for ei god teateroppleving med barn!
Å gå på teater er spennande og magisk. Det kan likevel vere lurt å førebu seg litt før ein går på teater med dei som er små. Her er tips til eit godt teaterbesøk med barna!
Les meir
Sjå fleire framsyningar?
Få 30% rabatt!
Rekk de ikkje ete før framsyninga?
Velkommen til restauranten vår!
Bule
Vi trur du vil like denne
For barn
Den perfekte premieren
Bli med på ei interaktiv vandreframsyning i teateret, og løys eit spennande mysterium!
Kjøp billett
Vi trur du vil like denne
For barn
4000 meters djup
Går det an å vere glad, sjølv om alt er drit?
Kjøp billett