Beistet og Bettina (Premiere)
Terningkast seks
«Flytt deg, Roald Dahl»
Dagbladet om boka
Terningkast fem
«Det oppstår flere moralske dilemmaer som er godt egnet for prat på tvers av generasjoner.»
Nettavisen
«Roald Dahl-inspirert knalldebut»
Aftenposten
Ein uhyggeleg humoristisk familiemusikal om ein forfengeleg 500-åring, eit svolte beist, ei ufyseleg jente og eit uventa vennskap.
Ebenezer Tweezer er ein forferdeleg mann som lever eit sorglaust liv i eit fantastisk herskapshus. Han har verken barn eller venner, så han er aldri plaga av bråk eller brysame samtalar. I sine snart 512 år på jorda, har han aldri hatt ein dårleg dag, og han ser forbløffande ung og sprek ut.
På loftet hans bur eit beist. Det brukte å vere eit søtt lite beist, men det vaks seg til å bli eit stort, blubbete monster. Beistet har ein umåteleg appetitt og ein usedvanleg diett. Berre den siste månaden har det ete sju perlekjeder, ein antikk kommode, to bikubar og ein mellomstor statue av Winston Churchill. Så lenge Ebenezer gir beistet det beistet vil ha å ete, gir det Ebenezer ein magisk eliksir som held han ung.
Eit ufyseleg barn
No vil beistet ha eit barn. Eit lubbent lite barn til å sluke heilt og rått.
Kor skal Ebenezer få tak i det?
Løysinga blir ein barneheim - og der finn Ebenezer det perfekte og mest ufyselege barnet, som han garantert ikkje vil bli glad i: Bettina.
Men først må ho feitast opp, og derifrå går ikkje alt etter planen...
Terningkast fem
«Beistet og Bettina» er et fantastisk univers du kan drømme deg bort i og aldri forutsi handlingen på.
VG
Humoristisk og hjartevarm
Beistet og Bettina er ei på same tid grotesk, hjartevarm og komisk forteljing om å hate alt og alle og stenge vonde kjensler ute, og kva som skjer når ein faktisk opnar seg opp for ein annan. Det kan vere vondt og skummelt, men noko så vakkert som eit vennskap kan vekse fram.
PASSAR FOR barn frå 7 år.
Barneboksuksess til scenen for første gong
Britiske Jack Meggitt-Phillips sin bokserie om Beistet og Bettina entra barnelitteraturscenen med storm og fekk svært entusiastisk mottaking da den første romanen kom ut i 2020. Bokserien blei raskt ein snakkis, og forfattaren blir samanlikna med mellom andre Roald Dahl. Han har likevel sin heilt eigen stil som kombinerer frodige beskrivingar med mørk humor og absurde situasjonar.
No blir den første boka om Bettina teater for første gong, og det på Hovudscenen på Det Norske Teatret! Bak galskapen står mellom andre regissør Vidar Magnussen, scenograf Gjermund Andresen, kostymedesignar Ingrid Nylander og komponist Lars Bleiklie Devik, som sist samarbeidde om suksessmusikalen The Book of Mormon. Bak manus står også skodespelar og humorist og The Book of Mormon-stjerne Kristoffer Olsen.